Kommunepsykolog Alver
Lågterskel kommunalt psykologtilbod i Alver. Fire psykologar med delt ansvar for barn, unge, vaksne og eldre. Korttidsoppfølging individuelt og i gruppe, foreldrerettleiing og angstmeistringskurs.
Innbyggjarar i Alver kommune med milde til moderate psykiske vanskar, livskriser eller andre utfordringar som verkar inn på den psykiske helsa. Fire psykologar deler ansvar for barn, unge, vaksne og eldre.
Eigensøknad — krev ikkje tilvising frå lege, men bakgrunnsinformasjon frå fastlege kan vere nyttig.
Hva tilbudet er
Psykologtenesta i Alver er eit lågterskeltilbod til personar med psykiske plager og lidingar, livskriser og andre utfordringar som verkar inn på den psykiske helsa.
Tenesta tilbyr helsehjelp for milde til moderate psykiske lidingar — kartlegging, behandling og rådgjeving i ein avgrensa periode. Fokus er å avhjelpe psykiske vanskar og førebyggje utvikling av meir alvorleg problematikk.
Det er fire psykologar i tenesta som deler ansvaret for barn, unge, vaksne og eldre. Tenesta omfattar både individuell oppfølging og gruppetilbod, og samarbeider med helsestasjon, skule og andre kommunale tenester. Tilbodet er gratis, og krev ikkje tilvising frå lege.
Grunna stor pågang blir det gjort prioriteringar.
Når dette passer fra DPS
Aktuelt for Alver-pasientar som avsluttast frå DPS med mild restsymptomatikk, eller for pasientar som henvisast tilbake frå DPS med subdiagnostiske plager.
Foreldrerettleiing
Alver kommune tilbyr gratis foreldrerettleiing gjennom psykologtenesta: COS-P, DUÅ, ICDP og Hold meg – slipp meg.
Angstmeistringskurs for barn og ungdom
- Cool Kids — angstmeistringskurs for barn 8-12 år. Ti gruppesamlingar à 1,5 t.
- Chilled — angstmeistringskurs for ungdom 13-17 år. Ti samlingar à 1,5 t.
Begge kursa går ein gong per halvår. Påmelding: psykologtenesta 46 28 07 71.
Kontakt
- John Petter Wadseth, kommunepsykolog — 94 51 18 54
- Påmelding kurs (foreldrerettleiing / angstkurs): 46 28 07 71
Lovgrunnlag
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 og § 3-3.